Kva er ein miniradiostasjon, og koss lagar eg ein?Kort sagt ein liten, friviljug FM- eller AM-radiosendar for eit småsamfunn. Me kan kalle det ei bygdaradio, grendaradio, tettstadradio, småbyradio eller kommuneradio. Miniradioar er mindre radiostasjonar, og er på hakket under sokalla lokalradioar. Dei blir drivne på dugnad eller med minimal kommersiell påverknad, og dei er laga for å binda saman lokalsamfunnet du bur i.
Koss lagar du ein radiostasjon, då?
Kva med nettradio, seier du? Er ikkje det mykje enklare? Det er det kanskje, men det er likevel ikkje ordentleg radio. Når no FM-bandet er på veg ut, og heile Noreg har FM-mottakarar, burde vegen liggje open for dei som vil drive ein liten, triveleg og samlande radiostasjon. Me gjer det for heimstaden vår. Miniradio
Følges av ett medlem.
Er det plass til dei minste røystene i meida-Noreg? Her kjem diskusjonar og informasjon om rammevilkår for småsamfunnsradioar – friviljug drivne FM- (eller for den del AM)-radiostasjonar for småbyar, bygder eller småkommunar. I dag har Post- og teletilsynet og Medietilsynet ordningar tilpassa interkommunale lokalradioar og oppover, og desse ordningane er ikkje tilpassa friviljuge småradioar. Det får me vel prøve å gjera noko med?
Miniradio er en sone på Origo. Les mer Annonse | ||